Hei
Jeg ser gjennom oversettingsfila for KMyMoney. Jeg ser jeg har ikke vært helt konsekvent på bruk av opprett og lag for originalordet create. Finnes det en "norm" for hva man skal bruke?
Kjetil Sørlund skreiv 02.08.2023 23:46:

Nei, dette er eit evig spørsmål … Og det finst faktisk òg eit tredje (og ganske godt) alternativ – «ny». «Create Folder» kan altså bli til «Ny mappe».
Og eit fjerde – «legg til». Eks. «Legg til konto».
Men eg har nokre tankar om alternativa:
«Opprett» bør *berre* brukast der operasjonen direkte opprettar ei tom fil / eit «skjelettobjekt», utan vidare spørsmål. Viss kommandoen startar ein dialog der ein må svara på fleire spørsmål, passar ikkje «Opprett».
«Lag» prøver eg å bruka mest mogleg, og i staden for «Opprett». Passar stort sett bra, utanom i nokre tekniske samanhengar.
«Ny» er òg ofte eit godt alternativ. Og det har jo fordelen at det er kort. Men passar kanskje betre i menyar enn på knappar?
«Legg til» kan òg fungera i nokre tilfelle. I eit e-postprogram kan ein for eksempel ha menyvalet «Legg til e-postkonto». Der vil det vera misvisande med «Opprett» (sjølve e-postkontoen finst jo frå før – ein legg han berre til i programmet). Her heiter det gjerne òg «Add» på engelsk, men språkbruken er *ikkje* konsistent på engelsk, og me kan godt prøva å gjera han meir konsistent på norsk.
Den 03.08.2023 17:53, skreiv Karl Ove Hufthammer:

«Set(t) opp» er eit femte alternativ.
Når det gjeld den engelske «originalen», så er vel «Compose» og noko ein finn, med «Skriv (ny)» som eit sjette alternativ.
Leif Halvard Silli