Korleis skal datoar skrivast på norsk? Kva slags skiljeteikn skal det vera? «DD-MM-ÅÅÅÅ», «DD:MM:ÅÅÅÅ» eller «DD.MM.ÅÅÅÅ»?
Åsmund Skjæveland aasmunds@fys.uio.no skreiv i innlegget news:1068629198.28030.12.camel@fyspc-rp20.uio.no:
Korleis skal datoar skrivast på norsk?
Enten etter norsk standard, NS-ISO 8601 eller etter Skråkrådets kvasistandard.
«DD-MM-ÅÅÅÅ», «DD:MM:ÅÅÅÅ»
Desse to er verken fugl eller fisk, og skal *ikkje* brukast.
eller «DD.MM.ÅÅÅÅ»?
Dette er Språkrådets kvasistandard. Det er frivillig om ein alltid skal ha to siffer i dag og månad, men eg trur det er best om me held oss til dette.
Sjølv vil eg heilt klart føretrekka norsk standard NS-ISO 8601 (som er harmonisert med interasjonal standard ISO 8601, og EU- standarden, som eg ikkje hugsar nummeret på i farta). Dette er standard datoformat i heile EU, store delar av resten av verda, i ymse tekniske standardarar (eks. alle får W3C, og alle nye frå IETF, IIRC), og *er* faktisk som nemnt norsk standard. Då heiter det «ÅÅÅÅ-MM-DD».
Elles vil eg minna om at namn på vekedagar og månader skal ha *liten* forbokstav på norsk (med mindre ordet startar ein setning, eller liknande, sjølvsagt).