Hei.
Eg har tatt for meg å omsette kontrollsenteret til GNOME og der er ordet «subwoofer» brukt. På bokmålomsettinga er ordet «basselement» brukt for subwoofer, og eg lurte på om det kanskje er noe som kan takast med i fellesordlista.
Ordet «property editor» i strengane «GConf key to which this property editor is attached», «Custom data required by the specific property editor» mm. har blitt omsett til «eigenskapredigeringsprogrammet» og «eigenskapsredigeraren» og eg ønskjer å byte dei ut med noe betre. Forslag?
«Primary click» og «Secondary click» er omsett til «Høgreklikk» og «Venstreklikk», er dette riktig?
«Removable media» har eg omsett til «Avtakbar medium», men eg klarte ikkje å finne «avtakbar» i nynorskordboka til UiO. Finst det eit anna ord?
For ein miksar er ordet «Connector» brukt, kva er det norske ordet? Har ikkje stor peiling på miksing
Kva er «keypad» på norsk? Fann ikkje i fellesordlista.
Takk for hjelpa :)

NB: Klarte å sende denne eposten først med min personlige epostadresse. Beklagar veldig. -- Mvh / Kind regards Torstein Adolf Winterseth
Den 30.11.2010 14:32, skreiv Torstein Adolf Winterseth:
Hei.
Eg har tatt for meg å omsette kontrollsenteret til GNOME og der er ordet «subwoofer» brukt. På bokmålomsettinga er ordet «basselement» brukt for subwoofer, og eg lurte på om det kanskje er noe som kan takast med i fellesordlista.
Elles er vel «woofer» med og utan «sub» nokså mykje brukt? Stemmer likevel for «basselement» --- som også er i bruk mange stader.
Ordet «property editor» i strengane «GConf key to which this property editor is attached», «Custom data required by the specific property editor» mm. har blitt omsett til «eigenskapredigeringsprogrammet» og «eigenskapsredigeraren» og eg ønskjer å byte dei ut med noe betre. Forslag?
Nei, men «eigenskapredigerar» dekker vel her, sjølv om det er litt tungt.
«Primary click» og «Secondary click» er omsett til «Høgreklikk» og «Venstreklikk», er dette riktig?
I mi verd er dette korrekt, men eg er ikkje bevandra i GNOME sitt kontrollsenter.
«Removable media» har eg omsett til «Avtakbar medium», men eg klarte ikkje å finne «avtakbar» i nynorskordboka til UiO. Finst det eit anna ord?
Blir vel det same som «flyttbar(t)» utstyr/medium/stasjon osv. Altså «Flyttbare media» i dette tilfellet?
For ein miksar er ordet «Connector» brukt, kva er det norske ordet? Har ikkje stor peiling på miksing
Ikkje eg heller. Passer ikkje «kontakt» i denne samanhengen?
Kva er «keypad» på norsk? Fann ikkje i fellesordlista.
Til vanleg er «keypad» det same som (eit lite) tastatur, t.d. på telefonen eller reknemaskinen, men kanskje noe anna i dette tilfellet? Kolbjørn
Takk for hjelpa :)
NB: Klarte å sende denne eposten først med min personlige epostadresse. Beklagar veldig. -- Mvh / Kind regards Torstein Adolf Winterseth
i18n-no mailing list i18n-no@lister.ping.uio.no https://lister.ping.uio.no/mailman/lister.ping.uio.no/listinfo/i18n-no
Tysdag 30. november 2010 skreiv Torstein Adolf Winterseth:
Eg har tatt for meg å omsette kontrollsenteret til GNOME og der er ordet «subwoofer» brukt. På bokmålomsettinga er ordet «basselement» brukt for subwoofer, og eg lurte på om det kanskje er noe som kan takast med i fellesordlista.
Er ikkje basselementet berre ein *del* av høgtalaren, eks.: https://www.madisound.com/store/product_info.php?products_id=9051
I denne samanhengen er det vel snakk om ein fysisk høgtalar, og då passar det best med «basshøgtalar» (som bør takast med i fellesordlista?).
Ordet «property editor» i strengane «GConf key to which this property editor is attached», «Custom data required by the specific property editor» mm. har blitt omsett til «eigenskapredigeringsprogrammet» og «eigenskapsredigeraren» og eg ønskjer å byte dei ut med noe betre. Forslag?
Eigenskapsendraren?
«Primary click» og «Secondary click» er omsett til «Høgreklikk» og «Venstreklikk», er dette riktig?
Det veit eg ikkje, men eg kan godt tenka meg at det *ikkje* er det. Med ei venstrehandsmus vil gjerne peikefingknappen vera «primary click», men vil fysisk vera eit høgreklikk.
«Removable media» har eg omsett til «Avtakbar medium», men eg klarte ikkje å finne «avtakbar» i nynorskordboka til UiO. Finst det eit anna ord?
Du fekk svar om «flyttbart medium» / «flyttbare medium». Eg òg likar best dette. Skal me legga det inn i fellesordlista?
Kva er «keypad» på norsk? Fann ikkje i fellesordlista.
Er det kanskje snakk om det numeriske tastaturet (det som står til høgre på vanlige tastatur)?
Torsdag 16. juni 2011 skreiv Karl Ove Hufthammer:

No gjort.