Hei Karl Ove
Eg får tilbakemelding frå fleire folk i skulelinuxmiljøet om at det er eit problem med oppdateringsskriptet ditt for kde. Grunnen er jo at det melder inn kvar enkelt fil for seg sjølv til skolelinux-arkivet. Dette fører til svært mange innmelingar og ein mail til alle medlemer av commits@skolelinux.no-lista for kvar fil som blir prossesert.
Vi er svært interessert i at skriptet blir oppdatert slik at innmelding skjer etter at alle filer er prossesert. Viss du treng hjelp til det, så er det folk som er svært motiverte for å hjelpe til.
Helsing Håvard
Laurdag 2. februar 2008 skreiv Håvard Korsvoll:
Eg får tilbakemelding frå fleire folk i skulelinuxmiljøet om at det er eit problem med oppdateringsskriptet ditt for kde. Grunnen er jo at det melder inn kvar enkelt fil for seg sjølv til skolelinux-arkivet. Dette fører til svært mange innmelingar og ein mail til alle medlemer av commits@skolelinux.no-lista for kvar fil som blir prossesert.
Til orientering vart dette diskutert på IRC. Her loggen:
[lau feb 2 2008] [18:13:38] <huftis> korsi: Ser forresten eg har fått e-post frå deg. Den er basert på feil premiss, då skriptet *ikkje* melder inn kvar fil for seg. [lau feb 2 2008] [18:14:03] <korsi> Ok, ka e da som skjer då? [lau feb 2 2008] [18:14:18] <huftis> Det meldte berre frå for kvar fil som vart sletta, og det var ei éingongshending ved overgangen til KDE 4 stable. [lau feb 2 2008] [18:15:05] <korsi> Ok, så det skjedde for eit par veker sidan? [lau feb 2 2008] [18:15:50] <huftis> Ja. [lau feb 2 2008] [18:16:34] <huftis> No vert det berre sendt éi melding for kvar operasjon (oppdatering eller automatisk rettingar) for kvart språk. [lau feb 2 2008] [18:17:27] <korsi> Ok, så problemet med innmelding for sletting av filer er løyst. [lau feb 2 2008] [18:19:40] <huftis> So lenge det ikkje plutselig kjem mange program som vert sletta frå KDE, so. [lau feb 2 2008] [18:20:17] <korsi> Det går sikkert greit. Men vi må vere oppmerksame neste gong det blir store endringar i KDE-arkivet.