KDE-omsettingane må dessverre flyttast, og det held eg på med no. Mitt råd er å ikkje røra nokon filer eller mapper under «i18n/kde4» før flyttinga er fullført og eg har gjeve klarsignal.
Onsdag 30. juli 2008 skreiv Karl Ove Hufthammer:
KDE-omsettingane må dessverre flyttast, og det held eg på med no. Mitt råd er å ikkje røra nokon filer eller mapper under «i18n/kde4» før flyttinga er fullført og eg har gjeve klarsignal.
Som kan ta nokre år, med den farten SVN har no … :-(
Onsdag 30. juli 2008 skreiv Karl Ove Hufthammer:
Som kan ta nokre år, med den farten SVN har no … :-(
No er det gjort. No er omsettingane flytta frå i18n/kde4 til i18n/kde4/summit, so alle omsettarane må oppdatera oppsettet sitt i KBabel.
I tillegg er det fleire eksterne mapper som er flytta, og for at ting skal fungera rett, må de først sletta heile mappa «i18n/kde4», og so lasta ho ned på nytt («svn up»).
Uansett, no er det berre å halda fram med å omsetta KDE. Omsettingsfilene er òg oppdaterte etter dei nyaste malane.
Karl Ove Hufthammer:
No er det gjort. No er omsettingane flytta frå i18n/kde4 til i18n/kde4/summit, so alle omsettarane må oppdatera oppsettet sitt i KBabel.
Omsettingane måtte dessverre flyttast éin gong til. No slepp de heldigvis å sletta noko; det held å ta «svn up». Men de må igjen oppdatera oppsettet i KBabel (muligens ikkje nødvendig, avhengig av korleis oppsettet dykkar alt er).
Eg håpar dette vert siste gong.